Noregs største motorsamling samla saman av ein person, Kristian Otterskred frå Vik i Sogn. Samlinga inneheld båt og stasjonær motorar, i hovudsak norskproduserte. I tillegg inneheld samlinga tradisjonelle trebåtar og andre objekt som representerer norsk fjordhistorie, både til sjøs og på land.
I løpet av våren 2020 vart samlinga etablert som ei eiga stifting med namnet Kristian Otterskreds Motorsamling.
Målet til stiftinga er å vareta samlinga etter Kristian Otterskred og presentere den på ein best mogleg måte, for kommande generasjonar. Etter kvart som dette arbeidet går framover vil ein kunne finne informasjon om det, her på heimesida for samlinga.
Planlagd nyopning av Kristianhus og samlinga er under Gammalost festivalen 2022.
Frå og med 2022 kan ein kjøpe billett hjå turistinformasjonen i Vik som held til på Kristianhus. Utanom opningstida for turistinformasjonen eller for avtale om synfaring kan ein kontakte oss på telefon og/eller epost.
Her kan du lese dei siste artiklane som er lagd ut på kristianotterskred.no
Mens du vente på nyopning av Kristianhus, kan du sjå denne vetle filmen, der ein Trygg motor vart starta under Gammalost festivalen 2019.
Fleire motorar vill verta starta opp under Gammalostfestivalen 2021.
Meir bilde og video kjem, etter kvart.
Trygg 1947 modell