KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Historie

Her finn du ei oversikt over hovudtema som kvar har fleire tilhøyrande artiklar.

Noko av materiale er sjølvprodusert tekst, bilde og video basert på intervju og opplevingar. Mens ein del av materiale er basert på andre kjelder. Ein legg vekt på at det som vert lagd inn skal vere relevant i forhold til motor - historie, båt eller maritim historie og kultur meir generelt.

Når det gjeld lokal historie og kultur frå Sognefjorden er ein open for å ta med eit enda breiare spekter av tekst, bilde og video.


Kristian Otterskred

Samlar og primus motor bak samlinga


Kristian er samlaren som har fått tak i og teke vare på alle motorar, båtar og andre gjenstander som ein finn i Kristian Otterskred's Motorsamling.

Han hadde sin oppvekst på husmannsplassen Otterskred i Arnafjord, men reiste i ung alder til sjøs. Der fann han seg vel til rette og avanserte heilt til han tok styrmansskulen og etterpå vart kaptein. Dei første åra som kaptein var i utanriksfart, men etter ei stund fekk han familie og etablerte seg i Arnafjord, mens han køyrde lastebåtar. Men det han vart mest kjend for her i Sognefjorden var siste del av yrkeslivet når han var ferjekaptein.

I tillegg har han samla og teke vare på dette som har blitt Noreg's største private motorsamling.

Ulike artiklar med tekst, video og bilde av og med Kristian Otterskred kan du finne her.



Dei båtreisande

Minoriteten som var ein naturleg del av Vikøyri og Sognefjorden gjennom fleire århundrer


Det har vore mange båtreisande tilknytt Vik opp gjennom tidene.

Vikøyri var kjend som ein "tater-koloni" i omlag 200 år, kanske lengre. Dei eldste bevarte skriftlege kjeldene om dette er frå 1749. I dag står kanskje Noreg's eldste bevarte båt som har vore nytta av båtreisande på Kristianhus. Denne er teke godt vare på og det vert no jobba med å samle historie og gjenstandar som er at etter dei båtreisande sine liv, her i Sogn.

Kombinasjonen Vikøyri som tidlegare "tater-koloni" og at denne båten står på Kristianhus gjer det naturleg å leggje til rette for meir informasjon og ei eiga utstilling om Dei Båtreisane.

Utstillinga vart offisielt opna 4 juni 2022, med støtte frå Norsk Kulturråd.



Fjordkultur

Fjordkultur og historie frå Sognefjorden


Kulturhistorie og informasjon om noverande tilbod i og rundt Sognefjorden. Med hovudfokus på Vik kommune.



Båt og motor

Norsk båt og motor -historie


Norsk motor, skips og industri historie. Her ønskjer ein å vise både historie og anna informasjon som er relevant i forhold til dei motormerka, båtane og andre gjenstandane ein finn i Kristian Otterskred's Motorsamling.

Her kan ein finne bilde, video, teikningar, lenkjer m.m.



Fiske

Fiskeri historie


Film og bilde av Norsk fiskeri historie.



Kristian Otterskred

Samlar og primus motor bak samlinga

Dei båtreisande

Minoriteten som var ein naturleg del av Vikøyri og Sognefjorden gjennom fleire århundrer

Fjordkultur

Fjordkultur og historie frå Sognefjorden

Båt og motor

Norsk båt og motor -historie

  • Normo
  • Eit samarbeid mellom fleire produsentar