KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Mitt møte med Kristian Otterskred

Blogg innlegg om Kristian Otterskred's Motorsamling

Publisert: 2. desember 2019 20:49
Teksten handler om: Kristian Otterskred

Første gang eg snakka med Kristian Otterskred gjekk eg rett heim og skreiv ein lengre tekst på grunnlag av det han hadde fortald meg den dagen.

Den dagen vart også starten på samarbeidet og kameratskapen vår. Det har mellom anna resultert i Stiftinga Kristian Otterskred's Motorsamling. Eg har i løpet av denne tida lært utruleg mykje av Kristian, mens andre ting har eg merka med Kristian som person; Han er svært flink til å inkludere alle, uansett kven dei er, han er også ein utruleg snill person og har mykje kunnskap. Det han har gjort med samlinga si, er det ingen andre som kunne gjort, for det er i særklasse. og det hadde nok aldri vore mogleg utan at Krisitan i tillegg til å vere snill og inkluderande, er svært sta og gir seg aldri.

Alt i alt er han ein heilt spesiell person som eg har lært meg å sette veldig stor pris på.

Kanskje difor me går så godt i lag, fordi me er to originalar på kvar vår måte.

Vill du lese det første eg skreiv om Kristian og Kristian Otterskred's Motorsamling kan du følge lenkja under.


Skrive av: Lars K. Hansen

Eksternt innhald: Linuxlars.net -blogg tekst