KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Utstillinga

Dei Båtreisande

Publisert: 6. juni 2022 07:33
Teksten handler om: Dei båtreisande

Laurdag 4 juni 2022 vart utstillinga om Dei Båtreisande offisielt opna.

Bak utstillinga står Johnny Nilsen som representant for etterkommarane frå Børe Fylgje som hald til på Vikøyri. I samarbeid med Lars K. Hansen har dei laga utstillinga om Dei Båtreisande.

Utgangspunktet for utstillinga var at det står ein båt i andre etasje på Kristianhus som skal ha tilhøyrt ein reisande familie. I samband med at Johnny årleg kjem til Vik tok Lars kontakt med han og spurde om han kunne tenke å lage ei utstilling om Dei Båtreisade, i kombinasjon med båten som allereie stod der. Dette var sommaren 2019 og allereie hausten 2019 starta ein å planlegge, samle inn historie og gjenstandar. Våren 2020 vart Kristian Otterskreds Mottorsamling som til då hadde vore i privat eige, overlevert til ei eiga stifting. Planen var at utstillinga skulle vere ein del av nyopning av Kristianhus, sommaren 2020, men så kom korona.

Difor vart den offisielle opninga 4 juni 2022.

Utstillinga inneheld historie frå liva til Dei Båtreisande, representert med bilete og intervju av representantar frå blant anna Børe fylgje, printa og montert på store foto plater. Samt gjenstandar laga av dei reisande, verktøy og anna som representerer det daglege livet for Dei Båtreisande. Sentral i utstillinga er sjølve båten som skal ha tilhøyrt ein reisande familie.

For å markere nyopninga kom Hilmar Karlsen(Bussi) og Jan T. Karlsen med song og musikk. Johnny Nilsen tok imot besøkjande og fortalde om livet og kulturen til dei Båtresande.

Takk, til Hilmar(Bussi) og Rita Karlsen og Jan T. Karlsen, for musikk og underhaldning. Ein ekstra stor takk til Johnny Nilsen og Alice Berntzen som har stilt med tilrettelegging, historie og gjenstandar frå Dei Båtreisande, slik at me har fått utstillinga om Dei Båtreisande plassert saman med båten som har tilhøyrt ein reisande familie, skaffa til vege av Kristian. Og ikkje minst takk til Norsk Kulturråd som har sponsa utstilling og underhaldning, slik at besøkjande fekk ei finn oppleving både under nyopninga og ved framtidige besøk.


Skrive av: Lars K. Hansen