KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Jon Ljosdahl

1903 - 1974

Publisert: 4. desember 2019 17:55
Teksten handler om: Dei båtreisande

Jon Georg Ljosdahl vart født i 1903 på garden Flå i Birkenes på Sørlandet av omreisande foreldre. Omkring 10 år gammal begynte han på skole i nærleiken av Stavanger og rakk fire års skulegang før han stakk til sjøs. Etter nokre år på verdshava, mønstret han av i Norge midt på 1920-talet og opptok ein rastlaus livsstil på landjordi.

Ljosdahl levde det tradisjonelle taterlivet tilsynelatande uten å skile seg ut. Han sov i utløer, selde kramvarer og gjekk i hi om vinteren. Den viktigaste forskjellen frå slektningane var at han hadde trong for å skriva. Det vart sagt at han sat i grøftekanten og skreiv ned forteljingar frå sitt eiget miljø. Den første novella skal ha blitt til med ein stabbestein som underlag. Historiane ble deretter sendt til magasin redaksjonane frå næraste postkontor. For ham var det naturleg å reise og skrive parallelt. I staden for å vere kramkar eller blekkslager finansierte han livet sitt med skribent honorar. For ein poetisk sjel mangla det aldri noko å skrive om i eit tatermiljø. Han fant stoff langs landevegen og vart snart kjent som «taterforfattaren». Lesarane var veldig nysgjerrig på dette friske, litterære innslaget, for det var sensasjonelt at ein reisande skrev prosa.

Redaktør i Arbeider-Magasinet, Nils Johan Rud, antok hans første novelle og støtta Ljosdahl seinare i karrieren. I Arbeider-Magasinet nr. 23 den 10. juni 1933 ble den nye medarbeidaren presentert på følgjande måte:

«For iet års tid sidan dukka det opp ein skribent noko utanom den alminnelige sort i Arbeider-Magasinet. Denne nye medarbeidaren var fullblods romani og sitt stoff hadde han ærleg henta frå sitt eige fargerike miljø: det var landevegs livet og fantjakt menneske han hadde å fortelje om.»

Vis ein skal tolke Ljosdahls forteljingar frå 1930-årene som uttrykk for hans eiget syn, elska han det frie reiselivet, samtidig som han var smertelig klar over ulempene. Han var altså ingen rebell som for eksempel gikk hardt imot Misjonens virke. Ljosdahl fikk forteljingar på trykk både i Misjonens organ «På Hjemveien» og i barnemisjonens blad «Måltrosten». For å få innpass der måtte synspunkti vere ganske dempa når det gjaldt inngrep i livsstilen til taterane.

Likevel kunne han vere krass i omtalen av fastbuande, og særleg storbønder fikk gjennomgå i føljetongane hans. Forteljingi «Reisen til lykkeland» er eit godt eksempel på korleis han sette fingeren på bøndene sin umenneskelige behandling av tatarane.

«Reisen til lykkeland» handle om den farlause «Fante-Jacob» som mister moren 13 år gammal. Gutongen kjempa seg fram langs landevegen, og finner trøst i eit simpelt sengeleie. Mens han ligger slik og filosoferer, dikter han eit vers:

Kjære gamle Norge, du fostret også mig:
om jeg blev født til verden for å vandre
O' kjære skjønne Norge jeg elsker også dig
og kaller dig for mor som de andre.

Det er openbart at Jacob føler seg utilpass der han er dømt til å vandre. Den einaste som vil vite av ham, er den lutrygga slitaren Simon Plassmann. Hos ham finner fanteguten et takksamt selskap, og han lover å komme tilbake neste jul.

På julaftan uler stormen, og Jacob når ikkje frem til Simon. Forfrosen banker han forsiktig på hjå storbonden Ola Nordmann, men blir uhøflig avvist. Sjølv ikkje i fjøset får han lov til å krype inn og varme seg mot kyrne. Det siste Jacob skimte før han frys i hel, er at storbonden sine prektige ungar danse rundt det glitrande juletreet. Neste dag finner ein skaka Ola Nordmann liket av guten og forstår kva han har årsaka. Like over nyttår gjester ein omreisande predikant den same bygda. Blant tilhøyrarane er Ola Nordmann, og han graver djupt i lommene når kollekten vert sendt rundt.
Denne forteljingi inneheld ein klar moral og symbolikk. Adressa er openbar når storbonden heite Ola Nordmann og vedkommande som tar seg av fanteguten tilhøyre husmann standen. Slik var det ofte røyndomen også.

På slutten av 1930-talet slo Ljosdahl seg til ro utanfor Mandal. Her hadde han fleire vanlige jobbar, men fortsette hele tida å skrive, for der meste lyrikk. Han gifta seg, stifta familie og fikk eit slags nasjonalt gjennombrot i samarbeidet med den muntre vestlandsgruppa «Salhuskvintetten» eller «Olkabilamo», som de også kallte seg. Ljosdal leverte dei fleire visetekstar som ble til populære slagara via «Gryta hennar mor» ble spilt inn i 1968 og oppnådde sølvplate for salet av singelplate.

Ljosdahl var også delaktig i viseboken Gryta hennar mor frå 1971. Til tross for at han slo rot utanfor Mandal, vart Jon Georg Ljosdal tater i sjel og sinn heile livet, heilt til sitt siste leveår fekk han loppe i blodet kvar vår.


Skrive av: Thor Gotaas: "Taterne; livskamp og eventyr"