KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Børe - Fylgje

Eit reisande fylgje som hald til på Vikøyri

Publisert: 4. desember 2019 13:16
Teksten handler om: Dei båtreisande

Lars Børresen (1830-1902) reiste med foreldri fram til 1865. Me er litt usikre på fødselsåret til Lars, men foreldri hans Børre Henriksen og Ingeborg Oddsdotter fekk sitt første barn i 1827. Då var dei på vandring frå Bergen til Valdres om hausten. Dei var innom Kvigmo gard i Lærdal der Ingeborg fødde ei jente. Etter fødselen vandra dei vidare over Filefjell, men den vesle jenta klarte ikkje turen og døydde i Vang der ho og vart gravlagd.

I 1865 gifte Lars seg med Martha Marie Akseldotter Vikøren (1834-1926) i Grytten i Møre og Romsdal. Martha var truleg fødd i Vik, men døypt på Gol, difor er ho ikkje med i kyrkjeboki for Vik. Dei fekk 15 born, av dei vaks 11 opp:

Lars 1853, Børre 1854, Ingeborg Andrine, Anne Marie 1860, Kristine 1861, Martinius Olai 1867, Ole 1869, Andreas 1871, Henrik 1876, Aksel 1882 og Andrine 1886.

Borni er fødde på Gol, i Vestre Slidre, på Leikanger, i Lærdal, Lavik og Vik. Det er Martinius Olai, Ole og Andreas som er fødde i Vik.

Etter mange år med vandring etter landevegen, slo Lars og Martha seg ned i Bergen, i Ladegårdsgaten. Der jobba han som blekkslagar og det gjekk bra. I ungdommen hadde Lars vore innom Aurland med foreldri sine. Dei hadde slege leir nede ved fjorden, og ein dag såg dei fleire båtar kom seglande innover. Dei høyrde song og musikk frå båtane og forstod at dette måtte vera reisande. Lars tykte at det såg kjekt og greitt ut å reisa med båt, tenk å kunna segla på sjøen og ikkje slita langs landevegen. Lars og foreldri slo seg i lag med dei båtreisande nokre dagar, og det vart fest.

Etter som tidi gjekk i Bergen, tenkte Lars ofte på desse kjekke dagane i Aurland. Han såg ned til sjøen frå blekkslagarverkstaden og drøymde seg vekk. Det vart til at han bytta til seg ein gamal båt, ein oselvar på 18 fot som var rigga med segl. Han og Martha øvde seg litt på byfjorden før dei ein fin førsommardag la ut på tur. Dei tok med borni og blekksaker som Lars hadde laga. Dei reiste nordover, gjennom Alverstraumen og over Fensfjorden. Dei overnatta undervegs på strender eller i naust dei fekk lov å nytta. Lars fekk selt varer han hadde med, og bytta til seg varer på krambuene. Så drog dei innover Sognefjorden og kom etter kvart til Vangsnes. Dei kom i snakk med folk der og fortalde at dei var reisande. «Me ser da», fekk dei til svar. «Da e maonge slike som dikka litt lenger inn i fjorden, i Vik».

Dei rigga seg opp leir på Vangsnes, tok seglet på båten over nokre kraftige greiner slik at dei hadde tak over hovudet. Lars for rundt og selde varene sine. Men etter nokre dagar begynte det å regna kraftig, og det vart utriveleg å bu ute. Då kom Åker-Ola ned til dei og sa: «Nei, detta e fy gale, de kan fao lov til å rigga dikka ti i naustet mitt som staor dar borte». Dette vart Lars og Martha glade for og la seg til i naustet.

Det vart til at dei blei verande nokre år på Vangsnes i sommarhalvåret og heldt seg i Bergen om vinteren. Etter nokre år på Vangsnes, slo dei seg ned i Vik, og her vart tre av borni deira fødde mellom 1866 og 1871. Visstnok var det ein heil koloni av reisande nede på Vikøyri og Vetleøyri. Dei selde varene sine i Vik, men reiste overalt i Sogn. Litt småjobbing for bøndene eller buroane var det og.

Særeigne typar

Børe-Lars var storvaksen, kraftig og gruherde. Han hadde skinnbrok, svart stor jakke og ein ovstor svart hatt. Hatten nytta han som drikkeausa om sommaren. Svær slirekniv gjekk han med. Han hadde stor svart bart med eit stort arr over nåsi. Rykti sa at det var kjerringi som hadde brukt øks på han. Han pla seia: "Kjerringi beit meg i nasa". Børe-Martha gjekk alltid i ein blomstrete kjole med ein storeklut over ekslene. Begge gjekk alltid berrføtte. I naustet til Åker-Ola låg dei på halm, i lag
med borni. Dei hadde gruva i båtstøa, det rauk alltid, og her hengde dei opp fisken dei hadde fått. Fisken vart varmrøykt.

Børe-Lars togg skrå og Børe-Martha røykte skråtobakk. Når ein såg Martha med kritpipa si om kvelden attmed bålet, var det slik mange meinte ei trollkerring såg ut. Ho Martha laga øl, ein eigen type øl folk kalla fantabrygg. Martha fann krydder som ho hadde i ølet, det var sprake og nyper. I tillegg sukker og gjær. Børe-Lars hadde laga seg eige heimebrentapparat. Når dei hadde noko å drikka, var det fest om kveldane. Børe-Lars hadde munnspel og Børe-Martha song sigøynarsongar. Det var spennande for Vangsnesingane å dra ned til naustet og høyra på splintane.

Børe-Martha var og flink til å laga naturmedisin, og det vart sagt at ho kunne kurera både dyr og menneske. Ho var særleg flink til å få sår til å gro. Ole Larsen Limmesand Sonen Ole Larsen (Bør Ola) var fødd i Vik i 1869 og skreiv seg for Limmesand, og det tyder på at han må ha budd ei lang tid på Limmesand. Han budde der om vintrane og reiste om somrane rundt med båten sin og selde det han hadde laga om vinteren. Det var blekkvarer, ljåblad, ståltråd, vispar og mykje anna. Når han reiste til Bergen, hadde han ofte med poteter og grønsaker som han selde på torget. Bør-Ola var ganske velståande, og vart sett på som eit overhovud i storfamilien. Nokre kalla han for taterkongen på Vestlandet. Men det ville han ikkje høyra noko om sjølv og sa: «Det er berre ein konge i Noreg, og han heiter ikkje Ole». Ole kom ofte med klede, sko og pengar til dei andre i storfamilien. Ein gong kom han med ein sykkel som hadde hatt knekt ramme, men som han hadde lodda saman. Slekt etter Børe-Lars og Børe-Martha Eine sonen til Lars og Martha, Martinius Olai (1867-1938) som var fødd i Vik, gifte seg med Johanne Helene Rasmusdatter Grevle (1867-1963) og dei hadde 15 born som vaks opp. Dei fekk 19 born, men 4 døydde små. Borni var Martinius Olai 1886, Rasmus Johan Fredrik Severin 1889, Martha Marie 1891, Johanne Sofie (1892-1969), Lars Ole Andreas 1893, Andrine Akseline 1895, Regine Johanne 1897, Aksel Andreas 1899, Anne Marie 1900, Hilmar Johan Oliver 1902, Henrik Bertin 1903, Akseline 1904, Andrine 1904, Kristian Johan 1907 og Fritjof Alexander 1909.

Johanne gifte seg med Fredrik Fredriksen (1892-1925), dei fekk 10 born. Ein av dei var Johannes Alexander fødd 1922, død 1999, dette er far til Johnny Nilsen f. 1950 som er primus motor for minnesteinen som vart sett opp i Vik.

Mor til Johnny var Berit Alfrida Olsnes (1923-1984). Johnny hadde ei søster Reidun Solveig (1942 2013). I 2009 vart Johnny klar over ein halvbror, Arne Sollie f. 1938.

Børe-Tines
Børe-Tines er ein som fleire hugsar eller har fått fortalt om. Han heitte Martinius Olai Larsen og var fødd 1886 og døydde i 1954 eller 1955. Han var son til Johanne Sofie og Martinius Olai Larsen, og altså barnebarn til Børe-Lars og Børe-Martha. Tines var gift med søskenbarnet sitt, Johanne Andrine Larsen (1895-1974). Ho var fyrst gift med ein svensk reisande Martin Johan Wallin (1903-1957). Jonanne fekk 14 born, og dei seks siste fekk no med Tines. Det var William Alexander 1930, Henry Alexander 1931, Anton Olai 1933, Marta Marie 1935, Oliver Alexan- der 1937 og Sonja Elvira 1941.

Familien budde i Vik og på Vangsnes til etter krigen, men dei budde og fleire stader i Sogn. På Vangsnes budde dei i Havnerås-huset, og i Feios i naustet til Jon Rinde, Gaute-Jo, i Rindefjøra. Borni i Feios bada saman med med Børe-borni. Tines sat ved naustet og arbeidde med oppdrag han hadde for bøndene, som takrenner, spann og anna. I Vik budde familien på Vikøyri, i det me kalla Vetla-Fidnao-huset.

I Arnafjorden og i Fresvik har det og budd splintar, og på Grinde på Leikanger, rett under skulen. Tines budde der med familien i eit lite hus nede ved sjøen. Dette var truleg mellom 1949 og 1951. Huset vart seinare brent av Leikanger kommune. Tines hadde ein overbygd båt som han reiste med.


Skrive av: Arne Inge Sæbø(kjelde: Arne Solie og Johnny Nilsen, Tatergutten Johannes Alexander)