Motoren kom til Sogn med ein sogning som var på tur heimatt frå Amerika. På ei tilstelling i Balestrand var denne vinst på loddtrekning. Den heldige vinnar var Arne Offerdal. Sidan var motoren seld rundt om, m.a. til Romsdal før den hamna hos Teigen og Olav og Einar.
Den vart lite brukt og stod 40 år på kaia hjå dei. På desse åra forsvann alle brukbare deler.