KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Nitti-tre/93

Bjørnen

Nummer: 93
Objekt: Vinsjmotor
Fabrikk nummer: 155747
Fabrikat: Bjørnen
Type: DK-2
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1956
Storleik: 10 - 12 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Denne vinsjen stod på fraktebåten "Føyna", 60 ' frå 1956 til 1983. I løpet av dei åra har vinsjen lasta og lossa alt frå høy og sand til størje og kval. Båten er bygd i Ølensvåg i 1941 og vart hardt kvesta av tyskarane sine våpen, men kom seg til land ved eiga hjelp. Då noverande eigar reparerte spanta fann han restar etter geværkuler. Dei fyrste eigarane var 3 redarar, Stanley Jacobsen m/fl. I 1954 vart båten seld til Ole Langedal m/fl i Fedje, og fekk namnet "Fariy", Sidan var det fleire eigarar før Karl Nordeide kjøpte han i 1982.

Denne vinsjen var då svært gammaldags. Han var både tungvint og farleg i bruk, då betjeninga og kraftoverføring er mekanisk. I 1983 vart det sett inn hydraulisk vinsj i båten.

Bruksområde: Lasting/lossing