Jens Sunde kjøpte motoren ein stad i Førdefjorden på slutten av 40-talet. Den vart sett inn i ein 24' spisstemning som vart brukt til skyssing Tansøy - Florø og ellers til alt privat bruk på sjøen. Rundt 1958 var motoren til overhaling på fabrikken på Rubbestadneset, der vart det skifta stempel. På slutten av 60 talet var båten så svekka at motoren vart teken ut og lagra heil til Kristian Otterskred kjøpte den i ca 1987.