KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Hundre-førti-seks/146

Skandia

Nummer: 146
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Skandia
Type: B
Nasjonalitet: Sverige
Produksjonsår: 1927
Storleik: 6 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Ola N. Henjesand, f 15/5 1882 på Henjasanden (Hermansverk) var båtbyggjar, og flytta i 1913 den 11.juli, til Eide for å bu der materialane til bygginga voks. I byrjinga brukte han påhengsmotor, (nr 136) til all transport på fjorden. Vegen mellom Sogndal og Kaupanger var ikkje ferdig så trongen for skyss på fjorden var stor, særleg i turistsesongen. Ola kjøpte difor denne motoren i 1928. Motorenkosta kr 1.260 levert Bergen og frakt til Sogndal kom på kr 5. Sonen Svein var no 5 år og "fingra med motoren frå fyrste tur til Sogndal". Til tider var skyssinga til Sogndal heildagsjobb, fram til vegen opna den 15.06.1938. Under krigen tok det seg oppatt, og i 1942 frakta Svein 68 mål ved til Sogndal. Elles var båten brukt til alle tenkjeleg transport, unntak for levande hestar og likkister. Svein er båtbyggjar, mellom dei fremste i landet. Ein av båtane han har laga er her i samlinga.

Bruksområde: Transport