KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Hundre-femti-to/152

Sleipner

Nummer: 152
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Sleipner
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1937
Storleik: 4 - 5 HK
Oppbevaringsstad: Arnafjord
Historikk:

Ola B. Ytterøy kjøpte båt og motor frå ein forretning i Haugesund i 1952. Båten var ein loddebåt som var i bruk m.a. på vårsildfiske. Nils Ramsfjell som då budde på Berge i Fjærland var med på dette fisket, og kjøpte båten til Fjærland i 1958. Båten vart no skyssbåt mellom Berge og Mundal, og bruka til å frakte høy og lauv frå utslåttane langs fjorden. I 1962 selde han båten til Ivar Bjåstad lengre inne i fjorden som var fiskar og bonde. Han selde båten til Tor Mundal i 1969 som brukte den til lystbåt og til småfiske. Motoren er lettstarta og kan gå på"traktorbensin" når den er varm, (parafin + bensin).

Bruksområde: Fiske og frakt