Gustav Blålid, f 1893, starta slipp og mek verkstad i Måløy i 1923 og bygde 30 fartøy fram til 1953. Han hadde pengar tilgode hjå Einar Lillestøl, Nordfjordeid og fekk ein båt med denne mtoren som oppgjer. Men Blålid likte ikkje bensinmotorar og sette likegod heile båten på loftet på verkstaden. Ivar Berge frå Fjærland var på verkstaden i 1972 med ei FSF fergje, og kjøpte då båten med motor av Jon Blålid, f 1919.
Båten vart bruka til småfiske og fritid. Når denne motoren er varmkan han gå på rein parafin. Etterkvart måtte båten vika for plastbåtar og påhengsmotorar. I 1988 tok Kristian Ottersrked ut motoren.