KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Hundre-seksti-to/162

Wichmann

Nummer: 162
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Wichmann
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1926
Storleik: 4 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Eivind Bekken, Hyllestad hadde denne motoren i ein Seglbåt. Båt og motor selde han til kjentfolk i Feios, som selde den vidare til Edvin Buene, Frønningen. Han eigde båten under krigen og brukte den m.a. til å proviantere mange av dei som hogde ved langs strendene. Buene selde båten Vidare i 1942 til Torbjørn Skjolden, Urnes. Han brukte den m,a. til å slepa tømmer frå allmenningen på Ombandsnes til Høyheimsvik og Feigom. I 1945 bytte han båten med ein livbåt, men heldt att motoren. I 1960 selde han båten til broren Konrad på Sørheim som brukte den til skyssing til vegen kom i 1965. Etter det stod motoren på land. Sylinderen, toppen og spreiaren vart skifta i 1949. I 1952 var motoren teken til fabrikken på Rubbestadneset for overhaling.

Bruksområde: Bruksbåt