KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Hundre-sytti-seks/176

Wichmann

Nummer: 176
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 1282
Fabrikat: Wichmann
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1926
Storleik: 8
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Wichmann 8 hk fra 1926. Motoren tilhøyrde Jørgen Skår som vart arrestert av Tyskarane i 1942 og sendt til Sachsenhausen Dette var i samband med Telavåg affæren. Jørgen hadde hjelpt folk å rømma frå Askvolområdet. Han vart, ved krigens slutt, redda av «svenskebussane». Då han kom heim i 1945 var båten nedsøkkt men Jørgen fann han att ved Askøy. Etter fleire månaders reparasjon på Rubbestadneset var båten i full stand alt og motoren gjorde teneste fram til 1960. Då han høyrde denne samlinga fekk Kristian Otterskred hand om motoren. Då Kristianhus vart opna den 14 juni 1997 kom Jørgen aleine inn hit i båten sin. Det var ei reise på over 7 timar. Noko som er ei bragd av ein 88 åring. Han var den som fekk æra av å heise flagget på innviingisdagen for Kristianhus. Kritian Otterskred har fått historia til båten og motoren og Jørgen Skår held fram med soga si.

Bruksområde: Fiskebåt