KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Hundre-sytti-åtte/178

KM

Nummer: 178
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 1
Fabrikat: KM
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1970
Storleik: 4 - 6
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Heimeprodusert motor i kun eit eksemplar.

KM - motoren.

Kåre Mogenstad, Hønefoss, kjøpte seg båt med Sleipner motor frå 1921. Mogenstad var mekanikar i forsvaret og brukte båten til hobby. Motoren var utslite og trengde fornying. Då kom ideen om å byggja ein ny motor sjølv. Etter arbeidstid, med enkle verktøy, vart motoren bygd opp del for del.
Ingen deler er støypt. Veivaksling var det fyrste, og den vart avbalansert etter instruksjon frå ei eldre bok. Veivhuset vart sveisa under trykk for å oppnå presisjon. Sylinder foringa er laus med vasskjøling rundt. Problemet var topploket, med ventilar og kjøling, men det vart løyst det og. Mange var svært skeptiske til prosjektet. Motor kyndige påsto vibrasjonen ville gjera det umogleg å halda motoren i drift. Motoren var ferdig, og i all løyndom vart den opp starta, utan problem. Den gjekk så roleg at ein 5-øring kunne balanserast på toppen under tomgang! Sidan gjekk motoren som ei klokke i mange år, heile tida under navnet «KM-motoren», til båten vart for dårleg. No vart motoren sett i opplag i garasjen.

Bruksområde: Fiskebåt