KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Hundre-nitti-ein/191

Volda

Nummer: 191
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 89394
Fabrikat: Volda
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1955
Storleik: 70 - 90
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Svein Svendsen, Ulsteinvik, var fiskar og kjøpte i 1928 ein 50' kuttar frå Vestnes,"Ulstein". Den 2. motoren i båten var ein 45 HK RAPP. I 1945 vart båten stolen av ungdomar som reiste til England. Båten kom attende i 1946. I 1955 vart denne motoren montert ved Volda Mek, samstundes som båten vart forlenga til 64'. I 1961 vart båten parkert og motoren selt tilbake til fabrikken. Svendsen kjøpte ny båt med større Volda-motor i 1962. Fram til 1970 er det ukjent kvar motoren tok vegen. Truleg vart den montert i ei privat bilferje eigd av ein lege,som etter kort tid selde denne til eit ferjesamband, Hellesylt - Geiranger. I 1970 kjøpte Myklebust og Nyheim ferja med denne motoren til sambandet Barme - Barmsund. Namnet Var "Bolsøyferja". I 1976 slutta Nyheim og Røyset kom inn på eigarsida. I 1979 vart fergja skifta ut med "Vetlefjord" frå Fylkesbaatane i Sogn. Bolsøyferja vart seld til Asgeir Solheim som tok at motoren og selde den til Kristian Otterskred.

Bruksområde: Fiske og ferje