KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Hundre-nitti-to/192

Normo

Nummer: 192
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 8112
Fabrikat: Normo
Type: T 2
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1955
Storleik: 80 hk
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Motoren var brukt i ein fiskebåt som dreiv reketråling på Grønlandskysten fram til omlag 1980. Då vart båten seld til miljøvernorganisasjonen Bellona. Dei brukte den fram til 1990 då dei skifta motor ved Svelvik Slipp. Arne Inge Mollestad, Holmestrand, kjøpte då motoren for å driva eit aggregat. Motoren vart starta fleire gonger medan den var lagra. Den vart seld til Helge Støvern i 1992 som selde den vidare til Kristian Otterskred i 1993.

Motoren stod i ro frå 1992 og var ein del av utstilling inne i samlinga, fram til våren 2022. I mai månad tok Odd Pettersen og sonen Gaute Pettersen og sette den stand på ny. Og torsdag 12 mai vart første start på over 30 år.

Bruksområde: Reketråling/miljøvernarbeid