KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-tretti-fem/235

Reisande

Nummer: 235
Objekt: Båt
Fabrikat: Reisande
Type: Motorbåt
Nasjonalitet: Noreg
Storleik: 20 fot
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Frå 1900 var denne båten nytta av ein heil familie av reisande slekt. I 1920 vart båten kjøpt som fiskebåt til Leirvågen ved Mongstad, og i 1932 vart det installert ein 3 hk SABB.

Fisket var i Fensfjorden og rundt Fedje, ut om morgonen, heim om kvelden. Mannskapet vart nok gjennomvåte mang ei gong.

Denne båten er mogleg den einaste opne reisandebåt som er att. Fram til 1920 - 1930 talet var det heile familiar som reiste rundt i slike opne båtar. Dei overnatta då under siglet, inni naust og andre stader dei kunne finne ly for ver og vind. Dei båtreisande som nytta denne båten brukte sigl og årer som drivkraft. |

Bruksområde: Reisandebåt/fiske