KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-tretti-seks/236

Thomas Henjesand

Nummer: 236
Objekt: Båt
Fabrikat: Thomas Henjesand
Type: Sogngavl - notbåt
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1936
Storleik: 23 fot
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Båten er bygd på Simlenes i 1946 av Thomas Henjesand. Toralv Simlenes var eigaren og brukte den til notbåt, han hadde eit notbruk som han dreiv saman med Martin Simlenes. Dei dreiv fisket i området Fresvik - Underdal - Nærøyfjorden. Båten kunne ta 110 skjeppar brisling, som dei leverte til oppkjøparane på fjorden. Sildefisket var ofte svært rikt om våren, i eitt kast kunne dei få 2400 skjeppar "mussa", dvs. lita storsild. Seinare vart rull sett på bak for å letta arbeidet. I 1970 vart båten selt på auksjon, til Einar Haugen, Fjærland.

Dette som er ein åttæring er den største typen Sognabåtar.

Bruksområde: Fiske