KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-tretti-sju/237

Svein Henjesand

Nummer: 237
Objekt: Båt
Fabrikat: Svein Henjesand
Type: Sognabåt
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1997
Storleik: 16 fot
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Båtbyggjar Svein Henjesand budde i Kaupanger der han dreiv si eiga båtbyggjar-verksemd. Opp gjennom åra bygde han mange av denne typen Sognabåt, færing.

Dette er den lokale trebåt typen ein gjennom mange generasjonar laga spesielt her langs Sognefjorden. Før i tida hadde ein ofte spesielle konstruksjonar og reglar for korleis ein skulle laga båtane i dei ulike distrikta. Og den båttypen som var spesiell for Sognefjord distriktet, var kalla Sognabåt. Av Sognabåtane vart det igjen laga tre hovud-variantar; færing, seksæring og åttæring.

Færing var båtar av den storleiken som denne båten er eit døme på, med fire keipar(feste for årer), mens seksæring hadde seks keipar og åttæring hadde åtte keipar.

Spesielle kjenneteikn for sognabåtane er blant anna at keipane er i eit heilt trestykke og at esingen er på andre bordet. Desse båtane har svært gode eigenskapar som robåt, men for motor var dei ikkje spesielt godt eigna. Etter kvart som motoren vart den vanlege drivkrafta og ikkje roing vart det færre og færre sognabåtar. Nokre av dei vart ombygd, mens mange av dei vart liggjande ubrukt. Svært få av desse båtane er teke så pass godt vare på at dei kan nyttast i dag.

Sognebåtar har vore laga og nytta her på Sognefjorden gjennom ein lang tidsperiode, men den båten ein ser her har aldri vore i vanleg bruk. Svein Henjesand bygde denne båten for Kristian Otterskred i den hensikt at båten kun skulle bli nytta til utstilling på Kristianhus. Difor framstår denne sognabåten som ny, fordi den aldri har vore på sjø, men kun plassert på same stad sidan den var nybygd. Og her ligg den fortsatt som eit fint og strålande eksempel på ein lang og tradisjonsbunden båtbyggjar-tradisjon, langs Sognefjorden.

Svein Henjesand var den siste båtbyggjaren i Sognefjorden som laga desse tradisjonelle trebåtane og dette er den aller siste båten han laga. Etter at Svein Henjesand gjekk bort, har Musea i Sogn og Fjordane fått i stand ei eiga utstilling for båtbyggjarverkstaden hans i Kaupanger.

Bruksområde: Utstilling