KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-seksti-sju/267

Sabb

Nummer: 267
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Sabb
Nasjonalitet: Noreg
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Motoren har vore drivkraft i Skyssbåten "Tommeliten" som trafikkerte Arnafjorden frå 1951 til 68. Johannes Røyrvik kjøpte båten i 1946, frå båtbyggeriet i Ortnevik. Båten vart ikkje brukt før i 1951 då denne motoren vart kjøpt. Fram til 1968 var dette skyssbåten lokalt i Arnafjord og mellom Arnafjord og Vik. I 1961 vart båten tjuvlånt og rent på grunn ved Limmesand. Den sokk og motoren måtte til overhaling på fabrikken. Difor er årstalet endra på motorskiltet. Båten vart i 1968 selt til Bjordal. Alf Lidal i Balestrand, eller "Alf i habn" som han vart kalla, kjøpte båten seinare, og selde den vidare til Odd-Frode Vikøren i 1980. Han brukte den fram til 1985 då han skifta motoren med ein SABB diesel.

Bruksområde: Skyssing/fritidsbruk