Kåre Tyssekvam kjøpte motoren frå Haugesund i 1952 for å bruka han i ei snekke. Det synte seg at det store svinghjulet forhindra dette. Difor vart motoren ståande på lemmen i garnhuset, noko som redda dette huset under stormen i 1992. Forholdsvis dyr frakt gjorde at Tyssekvam ikkje sende motoren tilbake i 1952. Alderen på motoren tilseier at denne har jobba i mange år før den kom til Flekke.