Åge Øvrebø, Mjømna, kjøpte ein 271 sjark frå-Harding Skibsbyggeri i Hardanger i 1951 for 1.500 kr, og monterte i ein SABB 5-9 som kosta 2.000 kr. Rundt 1959 forliste ein båt i Fensfjorden og føraren kom vekk. Øvrebø kjøpte båten på auksjon der denne motoren stod i, heilt ny. Han sette motoren over i sjarken sin. Det var trykkluft til å starte motoren med. Båten vart no brukt til mange byturar. I 1965 vart båten Selt til Sigurd Notø, Nautøyna som brukte den til fiskebåt til han selde den til Ledvin Nessestrand, Lånefjorden, i 1978.
Etter det vart den brukt til fritid. I 1988 vart båten parkert på land og Otterskred tok ut motoren i 1991. Motoren har alltid gått som ei klokke.