KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tretti-åtta/38

Grei

Nummer: 38
Objekt: Stasjonærmotor
Fabrikk nummer: 2626
Fabrikat: Grei
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1936
Storleik: 4
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Motoren vart kjøpt til Alsmo i Luster for å driva ei kvern. Kristoffer Leirdal som var med på oppstartinga fyrste dagen kan fortelja at det var dagen etter ras ulukka i Loen i 1936. Han såg flyet "Havørn", det fyrste fly han såg, på veg til Loen medan dei gjorde motoren klar til start.

Kristoffer overtok motoren i 1941 og monterte den på ei kappsag der den stod til 1958, då straumen kom. Vedlikehaldet av motoren avgrensa seg til å skifta ein pakning, men Kristoffer var ute for at det kom luft i brenselrøyrene etter kvar demontering og flytting. Det er kraftige Smell under oppstarting, noko som ein gong skremde tenestejenta på garden.

Bruksområde: Kvern/kappsag