KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tretti-ni/39

Frem

Nummer: 39
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 156
Fabrikat: Frem
Nasjonalitet: Noreg
Storleik: 7-9
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Motoren stod i ein 22' jernbåt kalt "Jerntryggen" søm gjekk på Skotfosselva fram til 1947. Då vart den kjøpt av brødrene Knut, Harald og Kristian Elsebutangen for å slepa tømmer i Toke i Drangedal. Det var problem med å få motoren til å gå på sakte fart, så det vanlege var at ein av brødrane køyrde båten rundt i ring medan dei andre brukte robåt for å løysa eller fortøye stroppane i land. Problemet låg i forgassaren.

Magne Moland kjøpte båten i 1986, då hadde den lege på land i 5 år hjå ein trebåt byggjar. Motoren vart teken ut av båten i 1991 og sendt til Otterskred. Det står no ein tosylindra ALBIN i jernbåten.

Bruksområde: Fiskebåt - slepebåt