Motoren er produsert i 1940 -42 og var ståande i ein skyssbåt på Trondheimsfjorden, drive av Kristian Skjæran. Han selde motoren i 1968 til Sigurd Skjærli, som fekk den overhalt og montert i ein 30' båt som Vart teken i bruk 19/8-69. Båten gjekk som skulerute og skyssbåt på Førdefjorden. Motoren var alltid lettstarta, men ettersom fabrikken vart nedlagt måtte Skjærli skifta motor i 1974.
Etter å ha vore i kontakt med Kr. Otterskred avgjorde Skjærli at motoren skulle inngå i motorsamlinga hans. Sigurd Skjærli overleverte motoren personleg i Arnafjord på sin 75 års dag i 1991.