KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Seksti-ein/61

Rap / Rapp

Nummer: 61
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Rap / Rapp
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1915
Storleik: 12 - 17
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Seglbåten "Vikre" var bygd i 1909 og eigd av Berdines Olsen m.fl i Skudenes Herred. Den var brukt til fiskebåt og fekk montert ein 10 hk GREI i 1910, Seinare vart denne motoren sett i som 12 hk. Båten vart no forhøgja ettersom motoren var tung. Det vart skifta topp/sylinder/stempel og effekten auka då til 17 hk. Motoren vart sett i ein lystbåt i 1980 som gjekk under i 1987. Båten vart heva etter eitt år og motoren reparert. Den var utstilt og opp starta på kystkulturdagane i Bergen i 1988. Motoren er svekka av opphald i sjøen og kan ikkje køyrast særleg mykje.

Bruksområde: Fiskebåt/lystbåt