KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Seksti-to/62

Wichmann

Nummer: 62
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Wichmann
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1938
Storleik: 8 - 10
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

"MOSES-MOTOREN"
Denne motoren har vore drivkraft i ein båt på Sognefjorden i 28 år og hatt fleire eigarar. Båten den stod i vart i 1935 bygd eller ombygd for å tena lensmann Sørebotten i dåverande Kyrkjebø kommune. Sørebotten budde i Vadheim og trengde båten til sitt arbeide. I 1938 fekk han montert denne motoren i båten, som bar namnet "Trygg". Sørebotten døyde like etter og båten vart då seld til Johannes Sandvik som budde i Stavedalen og dreiv fraktefart i området. Sandvik fekk problem med drifta og båten vart seld på tvangsauksjon i 1941 etter eit lengre opphald i Kvamsøy. Båten heitte no "Vesla" og vart kjøpt av Edvardt Vikøren som og dreiv skyssing på fjorden med tilhald i Vik. Han fekk båten ombygdlmed sjuke lugarar, og skifta bord frå suing til kravill. Det var Johan Sylvarnes som gjorde arbeidet. Det var krig i landet og båten frakta m.a. norske soldatar som kom frå krigshandlingar via Gudvangen til Simlenes og Lærdal. Kvar 3. sundag var det preik i kyrkja på Sæle og "Vesla" skyssa til og frå. Turen kosta 50 øre. I 1943 overtok sonen Arne drifta av båten. I 1946 selde han båten til Ivar Borlaug som dreiv postrute mellom Feios og Leikanger. Ivar dreiv Saman med broren Johan som var bakar. Då Ivar døyde tok Johan over båten og let den vidare til svigersonen Arne Teigen. Han fekk båten restaurert i Fjærland, hjå Vevik. I 1960 selde han båten vidare til Sigmund Hovland i Naddvik som brukte den som arbeids båt til Årdal. I 1965 selde/bytte han båten til Anders Aarskog på Bjåstad i Fjærland. Anders skifta motor i 1966. Denne vart sett på land og ein ny 25 hk Perkins dieselmotor vart sett i. Anders selde båten vidare i 1969 til Ola Fimreite som dreiv skuleskyss Fimreite - Slinde fram til 1976, då selde han båten til Stenersen i Aurland. Der er den no. (1996). Denne motoren har alltid fungert godt for sine eigarar.
Motoren er eit verdig symbol på kva båten hadde å sei for kommunikasjonane langs Sognefjorden, den tida før vegane åt seg fram langs strendene. Ein god motor var avgjerande for sikker samferdsle.

"VESLA"
Før vegen kom langs alle strendene var båten Iivsnerva for fjordbygdene. Denne båten var frå 1941 - 45 transporttilbodet i Vik kommune. På den tida høyrde deler av Sognefjorden si nordside til kommunen, og fjorden var vegen mellom alle grendene. I alle livssituasjonar kom denne båten til hjelp. Doktor, jordmor. lensmann, soldatar, brurefylgje, gravfylgje og alle daglege ærend var båten si last i all slags ver.
Sjuketransport var av dei viktigaste oppdraga for Edvard Vikøren som eigde «Vesla». Båten var innreia med to sjukesenger. I austavind gjekk turen til sjukehuset i Høyanger, medan i vestavind var det fortare å gå til Lærdal ! Motoren, ein 8-10 hk Wichmann frå 1938 var litande til allle tider. Etter å ha tent vikjene under krigen har båten tenestegjort som postrute, skulerute, arbeidsbåt og fritidsbåt. Stadig lengre innover i Sognefjorden. Denne motoren vart sett på land i Fjærland.

Bruksområde: Frakt og skyssbåt på Sognefjorden.