KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Hundre-fem/105

Gideon

Nummer: 105
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Gideon
Nasjonalitet: Danmark
Produksjonsår: 1909
Storleik: 4 - 5 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Denne motoren vart eigd av ein som var agent for Gideon. Dei hadde motoren på garden sin på Færøvik i Hersvikbygda. Motoren vart først nytta som båtmotor, men vart etter ei stund teken på land og nytta som stasjonærmotor. Den dreiv då eit treskeverk for korn. Dette vart motoren nytta som fram til 1950. Etter det vart motoren ståande, til den var given til Kristian Otterskred i 1990.

Bruksområde: Treskeverk

Bla gjennom: