KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Hundre-tretti-fem/135

Alda

Nummer: 135
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 919
Fabrikat: Alda
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1951
Storleik: 5 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Motoren vart kjøpt brukt i 1960 og bruka i samband med skulesksyss mellom Steinsund og Hardbakke. Var elles nytta til småfiske om sommaren, særleg til laksenøter. I 1964 kom vegen til Hardbakke og motoren var godt sliten. Den vart no skifta ut med ein 5 hk Marna, sjå nr 113 og 138.

Bruksområde: Transport

Bla gjennom: