KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


To/2

B.K.

Nummer: 2
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 1147
Fabrikat: B.K.
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1961
Storleik: 40
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Brødrene Klemsdal var Søner av Fredrikstad Motorfabrikk sin eigar,og prøvde seg med eigen produksjon av dieselmotorar i storleik frå 1 til 4 sylindrar,og var einaste norske produsent av V-motor. Grunna mangel på kapital gjekk bedrifta konkurs,

Denne motoren stod i ein fiskebåt i over 20 år, og vart sidan plassert i eit naust. Etter det stod motoren i ein 45 fot seglkuttar, bygd på møre i 1906.

Motorene vart ei tid mykje nytta i Forsvaret, til straum- produksjon.

Video klipp av tilsvarande motor, eigd av Arne Vedø.

Bruksområde: Fiskebåt - seglbåt

Bla gjennom: