KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Sytti-to/72

Alpha

Nummer: 72
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 3088
Fabrikat: Alpha
Type: E
Nasjonalitet: Danmark
Produksjonsår: 1915
Storleik: 14
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Som ny stod motoren i hardangerkatturen "Delfin" , 43 ' , heimehøyrande i Vannylven på Sunnmøre. I 1920 vart båten kjøpt til Eivindvik av Sørenen Andersen . Ludvig Bøe kjøpte båten i 1933 og selde motoren vidare til Lindås. Båten vart kondemnert i 1958 og låg i fjøra. Vart seinare føreslegen brukt til sauehus. Delfin vart brukt til seigarnfiske på Møre og til rekefiske i Gulen.

Alfamotor, 4 hestar oppfyring frå 1915. Konstruksjonen er spesiell. Alfafabrikken var den største i Danmark på denne tida og motoren er blant dei første som var laga. Den vart seld til Møre og bruka i båten «Delfin». Seinare kom den til Fureneset i Gulen og vart nytta til reketråling. Deretter kom det ei ny tid som sagbruksmaskin på Hundvin. Her fann Kristian Otterskred motoren.

Bruksområde: Fiskebåt

Bla gjennom: