KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Sytti-seks/76

Marna

Nummer: 76
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Marna
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1952
Storleik: 5
Oppbevaringsstad: Arnafjord
Historikk:

Nils Norheim, Bulandet brukte denne motoren i «Snøgg» av Hjønnevåg, som var øyrebåt med not.
Båt og motor vart seld vidare til Harald Våge i 1963 for 2500,-. Våge brukte båten til fiske, med laksenøter, hummerteiner .og garn.Motoren vart skifta med ein dieselmotor i 1989 då det vart for dyrt med bensindrift. Ingen reparasjon utanom skifte av stempelfjører og pakningar. Motoren har i følgje Våge vore ein tru "ruar".

Bruksområde: Fiskebåt

Bla gjennom: