KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Åtti-to/82

Trygg

Nummer: 82
Objekt: Stasjonærmotor
Fabrikat: Trygg
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1935
Storleik: 20 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Johs. Sandvik sag og klesfabrikk i Balestrand brukte denne motoren på sagbruket frå 1935 og fram til 1959. Om vinteren gjekk det i leigeskur medan sommaren gjekk til produksjon av kassar til frukt, laks, sild m.m.

Motoren var plassert i eit eige skur og er difor i svært fin stand. Naboane klaga på bråket frå motoren, då vart det bygd ei solid lydpotte. Motoren var driftssikker og har aldri hatt driftsstans.

Sagbruket vart avvikla i 1959 og etter det vart motoren ståande.

Bruksområde: Sagbruk

Bla gjennom: