KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Nitti-fire/94

Nogva

Nummer: 94
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Nogva
Type: B
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1959
Storleik: 10 - 14 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Denne motoren har stått i ein 30 ' fiskebåt som gjekk mykje på brisling og sildefiske i Sogn og i Nordfjord. Den gjekk og på velluka frieri i Førdefjordn og mindre vellukka tur heim frå skyttarfest i Dale. "Då miste vi roret". Dei freista å få slep med ein maine-MTB. Denne ville ikkje ha noko med ungdomane å gjere, men dei kom seg heim på eit vis likevel.

Veivaksel knekte i 1959 og denne motoren vart kjøpt ny for kr 6.500.

Bruksområde: Fiske

Bla gjennom: