Motorfabrikkenes Landsforening ble etablert i 1950 og hadde som mål å fremma norsk motor produksjon. Eit resultat av dette vart NORMO – gruppa, etablert i 1958. Målsetjinga var å auke konkurransekraft. For å imøtegå utanlandsk påtrykk samla dei krefter, erfaring og kunnskap i konstruksjon og produksjon av ein god og konkurransedyktig norsk semidiesel. I tillegg til å samla konstruksjon og produksjon vart det lagt opp til eit felles service –system med autoriserte serviceverkstader og reservedelslager langs heile kysten.
Motorfabrikkane som gjekk inn i samarbeidet var følgjande:
• AS Bergens Mekaniske Verksteder, Bergen
• Brødrene Brunvoll Motorfabrikk, Molde
• De Forenede Motorfabrikker (Union), Bergen
• Hjelset Motorfabrikk, Ålesund
• AS Volda Mekaniske Verksted, Volda
Av dei fem bedriftane i NORMO – samarbeidet var det tre frå Møre og Romsdal og to frå Hordaland. For å auke effektiviteten og senke kostnadane spesialiserte kvar av dei fem motorfabrikkane seg på serieframstilling av motordelar, for levering til felles motorfabrikk.
NORMO – motorane var saktegåande 2, 3 eller 4 sylindriske motorar med eit område for yting mellom 80 og 300 HK. De var konstruert spesielt for fiske-, fangst- og kystfartøy, og motorane var utstyrt med hydraulisk system for hurtig virkande kopling og reversering. NORMO – gruppa leverte to typar motorar: T – modellen mellom 80 og 120 HK, og Z – modellen mellom 140 og 280 HK.
På byrjinga av 1960 talet vart NORMO – diesel lansert. Blant anna Type LSMC. Ein 4 – takt, 6 – sylindrar. dieselmotor med yting på 780 HK ved 750 o/min. NORMO var då komme på marknaden med ein mellomhastigheitsmotor.
NORMO – avtalen som la til grunn for NORMO – motorane varte fram til 30. april 1980. Etter det var NORMO – epoken som hadde bidratt til at norsk motor produksjon kunne hevde seg i konkurransen, over.
For historie og informasjon om Normo motoren i samlinga, sjå KOM: Normo - Brosjyre.