Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.
Thomas Dulsvik (tidl. Hestedal) kjøpte motoren ny i omlag 1946/47 for å driva eit sagbruk som før var basert på vasskraft. Han produserte bygningsmaterial og bord til fruktkassar. Etter kvart flytta Thomas med familie ned til fjorden og tok namnet Dulsvik. Sagbruket vart demontert og lagra der nede. Motoren vart også brukt til å driva ei fruktsprøyte, hakka smalemøk og del eit nytt sagbruk.
Etter kvart tok motoren til å svikta, samstundes som straumen kom til garden, i 1957. Difor vart ikkje motoren skikkeleg reparert.