KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Hundre-førti/140

Jap

Nummer: 140
Objekt: Stasjonærmotor
Fabrikat: Jap
Type: 4/3
Nasjonalitet: Sverige
Storleik: 2,5 HK
Oppbevaringsstad: Ukjent
Historikk:

Ingebrigt Hjelseng, 1902 - 1984 var skomakar i Balestrand i tida 1934 til 1962. Ei tid dreiv han verkstad i Øvre Årdal. Som faglærd med fagbrev kalla han seg skomakarmeistar.

Det høyrde med til arbeidet hans i driva som frisør også.

Denne mtoren vart brukt til båtmotor og truleg til å driva maskiner på verkstaden. Hjelseng flytta til Kanariøyane i 1960 og var då skomakar nokre år etter, på turane heimatt.

Bruksområde: dreiv båt og skomakerverkstad

Bla gjennom: