KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Kristian Otterskred

Samlar og primus motor bak samlinga

Kristian er samlaren som har fått tak i og teke vare på alle motorar, båtar og andre gjenstander som ein finn i Kristian Otterskred's Motorsamling.

Han hadde sin oppvekst på husmannsplassen Otterskred i Arnafjord, men reiste i ung alder til sjøs. Der fann han seg vel til rette og avanserte heilt til han tok styrmansskulen og etterpå vart kaptein. Dei første åra som kaptein var i utanriksfart, men etter ei stund fekk han familie og etablerte seg i Arnafjord, mens han køyrde lastebåtar. Men det han vart mest kjend for her i Sognefjorden var siste del av yrkeslivet når han var ferjekaptein.

I tillegg har han samla og teke vare på dette som har blitt Noreg's største private motorsamling.

Ulike artiklar med tekst, video og bilde av og med Kristian Otterskred kan du finne her.